Forside
Oppdateringar
Nyheter
Avlsnytt
Hestane
Hestar til salgs
Bilete
Stallen
Stallfolket
Stallsjefen
Rytterane
Månadens hest
Avl
Minneside
Viktige folk
Nedlastingar
Linkar
Gjestebok
e-mail me


Her finn du månadens hest, det vil seia den av Stall Steine sine hestar som har sprunge best på ein månad. Du finn årets hest, som er hesten som har sprunge mest på eit år og du finn ein oversikt over korleis resultata på hestane til Stall Steine har vore det siste året.

Månadens hest for august 2011: Vertigo Bjørn

Denne månaden hadde Vertigo Bjørn best resultat. Han starta tre gongar i august. Fyrst enda han uplassert, så fekk han ein 8. plass. 25.august tok han karrierens første siger med Lars Tore Hauge i vogna i sitt livs første autostart-løp. Denne månaden sprang han inn 14.000 kroner.



August 2011: Vertigo Bjørn
Juli 2011: Vertigo Bjørn
Juni 2011: Vertigo Bjørn
Mai 2011: Vertigo Bjørn
April 2011: Vertigo Bjørn
Mars 2011: Misty Valley N.
Februar 2011: Vertigo Faks
Januar 2011: Vertigo Faks

Desember 2010:
Vertigo Faks
November 2010: Ingen
Oktober 2010: French Crown
September 2010: Misty Valley N.

August 2010: Dala Jento

Juli 2010: Rei Spika

Juni 2010: Rei Spika
Mai 2010: Misty Valley N.
April 2010:
Misty Valley N.
Mars 2010
: Vertigo Faks
Februar 2010: French Crown
Januar 2010: French Crown

Desember 2009: Misty Valley N.

November 2009: Misty Valley N.
Oktober 2009: Rei Spika
September 2009: Dala Jento

August 2009: Dala Jento

Juli 2009: Vertigo Faks

Juni 2009: Vertigo Faks
Mai 2009: Vertigo Faks
April 2009: French Force

Mars 2009: Misty Valley N.

Februar 2009: Rei Spika
Januar 2009: Snipp Vinna


Desember 2008: Snipp Vinna
November 2008: Rei Spika

Oktober 2008: Misty Valley N., Vertigo Faks
September 2008: Vertigo Faks

August 2008: Snipp Vinna
Juli 2008:Snipp Vinna

Juni 2008: French Crown, French Force
Mai 2008: Vertigo Faks, Vertigo Jette, Misty Valley N.

April 2008: Dala Jento
Mars 2008: King of Glory

Februar 2008: King of Glory
Januar 2008: Snipp Vinna

Desember 2007: King of Glory
November 2007: King of Glory
Oktober 2007: King of Glory
September 2007: King of Glory
August 2007: Dala Jento
Juli 2007: King of Glory
Juni 2007:  King of Glory
Mai 2007: King of Glory
April 2007: Mjølner Jet
Mars 2007: King of Glory
Februar 2007
: Mjølner Jet
Januar 2007: Thai Lady


Desember 2006: Mjølner Jet
November 2006: Ingen
Oktober 2006: Ingen
September 2006: Thai Lady
August 2006: Thai Lady
Juli 2006: Thai Lady
Juni 2006: Mjølner Jet
Mai 2006: Thai Lady
April 2006: Thai Lady
Mars 2006: King of Glory
Februar 2006: King of Glory
Januar 2006: King of Glory
 
Desember 2005: Thai Lady 
November 2005: Håketine
Oktober 2005: Skolapp
September 2005: Håketine
August 2005: Thai Lady
Juli 2005: Håketine
Juni 2005: Ingen
Mai 2005: Håketine
April 2005: Håketine
Mars 2005: King of Glory
Februar 2005: King of Glory
Januar 2005: Thai Girl

Årsreferat 2010

I år har me hatt sju hestar til start: French Crown, Misty Valley N., Vertigo Faks, Rei Spika, Vertigo Jette, Dala Jento og French Force. Alle våre fire 2-åringar, Vertigo Bjørn, Vertigo Prins, Vertigo Charlot og Vertigo Victoria, har klart både mønstringsløpet og prøveløpet. Dette året har French Crown tent mest pengar med sine 86 500 kroner. Han byrja året på trenarstall hjå Øyvind Austevoll, sidan Charlotte skulle ha noko å gjera då ho studerte i Bergen. Dette var fine månadar for Crown, og han følgde opp med tredje i rikstotoen då han kom tilbake til Steinsdalen. Misty Valley N. følgde like bak med sine 75 000 kroner innkjørt. Begge desse tok to sigrar kvar. Ein siger kvar fekk Vertigo Faks og Rei Spika. Dei køyrde inn 48 500 kroner og 47 500 kroner. Vertigo Jette var ikkje fyrst i mål i år, men ho fekk med seg ein trippelplass. Kvar sin trippelplass fekk og Dala Jento og French Crown, begge desse bytta eigar i løpet av året. Me ynskjer dei nye eigarane lykke til med dei. Den raskaste av varmblodsane våre var Misty Valley N. både på auto og volte, medan Rei Spika var raskast av dei kalde på begge startmetodar.

Håkon enda året utan siger, men han fekk 4 trippelplasseringar og 20 premiar på 57 løp. Charlotte hadde sin beste sesong i karrieren, med heile 6 sigrar. Den eine kom med Rei Spika, så tok ho to med Rousseau Detain, ein med Lantern, ein med Drav Svint og ho tok sin første kuskesiger i eit ungdomsløp med Hage Svarten. Med desse resultata vart ho montéchampion på Bergen Travpark og enda på 10. plass på landsstatistikken. Victoria har vore i banen 10 gongar, ho fekk ein andreplass med Dala Jento i ungdomsløp og to premiar utanom.

Her er oversikt over det hestane har tent dette året. Namn: Antall startar - 1. plassar - 2. plassar - 3. plassar - øvrige plasseringar - innkjørte pengar - beste voltetid i år - beste autotid i år.

French Crown: 20 - 2 - 3 - 4 - 5 - 86 500 - 16,7M - 17,1aM
Misty Valley N.: 16 - 2 - 2 - 0 - 5 - 75 000 - 16,4M - 16,6aM
Vertigo Faks: 21 - 1 - 1 - 2 - 8 - 48 500 - 29,2M - 28,6aK
Rei Spika: 19 - 1 - 2 - 1 - 7 - 47 500 - 27,2K - 27,6aK
Vertigo Jette: 18 - 0 - 0 - 1 - 9 - 22 000 - 32,2L - 33,3aK
Dala Jento: 17 - 0 - 1 - 0 - 3 - 15 000 - 32,2M - 32,5aM
French Force: 9 - 0 - 0 1 - 1 - 5 500 - 17,2M - 18,3aK (solgt i august)


Totalt på stallen: 120 startar - 6 sigrar - 9 andreplassar - 9 tredjeplassar - 38 øvrige premiar - 302 000 kroner innkjørt
Totalt på stallen i prosent: 5 % sigrar, 20 % trippel og 51,7% premie.

Årsreferat 2009

I år har me hatt åtte hestar til start. Vertigo Faks, Vertigo Jette, French Force, French Crown, Rei Spika, Dala Jento, Misty Valley N. og Snipp Vinna. I tillegg har Vertigo Wiigen eit godkjent mønstringsløp. Vertigo Faks er den som har tent mest av våre hestar dette året, med 91 000 kroner innkjørt. Han var med i kvalifiseringen til Kristeriet, men galopperte seg bort der. Misty Valley N. er den som har sprunge inn nest mest med sine 65 000 kroner. Ho har stått i trening hos Lasse Høgemark dei siste månadane av året. Rei Spika har gjort det tredjebest på stallen. I februar debuterte ho i monté og det resulterte i siger saman med Charlotte. Dette var fyrste sigeren i karrieren til begge to. Totalt tente ho 44 500 kroner i løpet av året. Snipp Vinna reiste i byrjinga av august, då var ho solgt til Natalie Iselin Repstad på Sørlandet. Vertigo Wiigen vart solgt til Geir Gudmestad på hausten. Me ynskjer dei lukke til med hestane. Ellers har me fått seks føl dette året, Victoria har tatt både kjøre- og montélisens. Håkon har vunne eit løp. Charlotte vann sitt fyrste løp i karrieren med Rei Spika, i tillegg fekk ho ein siger med Rousseau Detain. Av hestane våre klarte både Vertigo Faks, Misty Valley N. og Rei Spika å vinna løp.

Her er oversikt over det hestane har tent dette året. Namn: Antall startar - 1. plassar - 2. plassar - 3. plassar - øvrige plasseringar - innkjørte pengar - beste voltetid i år - beste autotid i år.

Vertigo Faks: 18 - 2 - 2 - 5 - 2 - 91 000 - 33,7M - 32,6aK
Misty Valley N.: 15 - 3 - 1 - 0 - 5 - 65 000 - 17,9M - 15,8aK
Rei Spika: 30 - 1 - 2 - 0 - 9 - 44 500 - 28,9K - 26,8aK
French Force: 17 - 0 - 1 - 2 - 6 - 36 000 - 19,0 - 21,1aM
Dala Jento: 25 - 0 - 0 - 1 - 13 - 32 000 - 32,1K - 33,8aM
Vertigo Jette: 17 - 0 - 0 - 1 - 9 - 29 000 - 36,4M
French Crown: 13 - 0 - 0 - 1 - 4 - 18 000 - 17,6aK - 21,6aM
Snipp Vinna: 19 - 0 - 0 - 2 - 4 - 17 500 - 30,4M - 29,1aK

Totalt på stallen: 154 - 6 - 6 - 12 - 52 - 333 000 kroner innkjørt

Årsreferat 2007

Dette året har me hatt Thai Lady, Bru Linn, Mjølner Jet, King of Glory og Snipp Vinna til start. I tillegg har Dala Jento gått eitt mønstringsløp som vart godkjent. I år har me ikkje fått nokre sigrar på stallen. King of Glory er den hesten som har gjort det best for oss. Han har starta 28 løp, fått to 3. plassar og 17 øvrige plasseringar. Han tente 41 900 kroner og gjorde sin tredje beste sesong i karrieren. Thai Lady gjekk 10 løp, fekk ein 2. plass og to øvrige plasseringar med 11 500 kroner innkjørt. Ho gjekk òg sitt siste løp 11. mai, då vart ho send til bedekking med Face of Speed, men det viste seg at det var Gigant Neo ho vart drektig med etter hingstebyte.  Bru Linn starta 9 løp og fekk 3 premiar og kjørte inn 3500 kroner. Siste løpet gjekk ho 11. mai, då vart ho sendt til bedekking og vart drektig med Spikeld. Mjølner Jet gjekk 10 løp i vår eige. Nokre månadar var han hjå venninna til Victoria, men me fekk han heim att nokre månadar før han reiste vidare til Carina Wassberg. På desse startane fekk han to premiar og 3000 kroner. I oktober vart han solgt og sendt til Kjell Ove Risa. Me ynskjer dei lukke til med han. Snipp Vinna kom til oss 9. desember, så ho rakk å gjera ein start, men den enda i galopp.


Her kjem ein liten oversikt over kva hestane våre har tjent dette året, her er ei forklaring på korleis det er sett opp: Namn: Tal på startar dette året - 1. plassar dette året - 2. plassar - 3. plassar - øvrige plasseringar - innkjørte pengar dette året - best noterte tid dette året på autostart - best noterte tid dette året på voltestart
King of Glory: 28 – 0 – 0 – 2 – 17 – 41 900 kr – 16,2aK – 15,6K
Thai Lady: 10 – 0 – 1 – 0 – 2 – 11 500 kroner – 16,8aK – 21,8M
Bru Linn: 9 – 0 – 0 – 0 – 3 – 3500 kroner – 33,0M – 32,8
Mjølner Jet: 10 – 0 – 0 – 0 – 2 – 3000 kroner – 32,2aK – 32,8M
Snipp Vinna: 1 – 0 – 0 – 0 – 0 – 0 kroner


Totalt på stallen: 58 startar – 0 sigrar – 1 andreplass – 2 tredjeplassar – 24 øvrige plasseringar – 59 900 kroner innkjørt


Årsreferat 2006


Dette året har me hatt desse starthestane: Thai Lady, King of Glory, Mjølner Jet, Bru Linn og Skolapp. I februar måtte Skolapp avlivast etter han hadde rive gaffelbåndet, han har eg ikkje teke med i samandraget. Han hadde 3 starta i år og to av dei fekk han premie. Dette året har me hatt Thai Lady med i ulike storløp. Ho har stått i trening hjå Rune Wiig nokre månadar. Utan tvil har Thai Lady våre den beste hesten vår dette året, men King of Glory har også tjent litt pengar medan Mjølner Jet og Bru Linn berre har sprunge inn nokre småkroner kvar. Nokre av hestane har gått nye personlege rekordar, det gjeld Thai Lady, King of Glory og Bru Linn. Årets høgdepunkt er heilt klart Derby-dagen. Thai Lady deltok i Hoppe-Derby, det var ein seier i seg sjølv å få lov å vera med i dette løpet, men Thai Lady gjekk eit kanonløp og fekk 2. plass og 150 000 kroner! Håkon og Charlotte var borte i Oslo og såg på ho. I tillegg fekk ho 2. plass bak Olganina (som også vant Hoppe-Derby) i Nils Brekkes Pokalløp i Drammen. Dette var også stort.


Her kjem ein liten oversikt over kva hestane våre har tjent dette året, her er ei forklaring på korleis det er sett opp: Namn: Tal på startar dette året - 1. plassar dette året - 2. plassar - 3. plassar - øvrige plasseringar - innkjørte pengar dette året - best noterte tid dette året på autostart - best noterte tid dette året på voltestart
Thai Lady: 19 - 3 - 3 - 0 - 4 - 232 500 kr - 14,8aK - 16,9M
King of Glory: 26 - 1 - 0 - 1 - 8 - 26 700 kr - 15,7aK - 16,2M
Bru Linn: 16 - 0 - 1- 0 - 7 - 15 000 kr - 30,9aK - 32,0M (NB! For oss, sidan slutten av juni, har ho gått: 11 - 0 - 0 - 0 - 5 - 7 000 kr, også dei beste tidene har ho gått for oss)
Mjølner Jet: 15 - 0 - 1 - 0 - 2 - 7000 kroner -34,4aM - 32,0M (NB! For oss, sidan slutten av april, har han gått: 12 - 0 - 1 - 0 - 2 - 7 000 kr, også dei beste tidene har han gått for oss)


Totalt på stallen: 68 startar - 4 seirar - 4 andreplassar - 1 tredjeplass - 19 øvrige premiar - 273 200 kroner innkjørt
Totalt på stallen i prosent: 5,9% 1. plassar - 5,9% 2. plassar - 1,5 % 3. plassar - 27.98% øvrige premiar - 58,8 % utan premie


Årsreferat 2005


 Dette året har me hatt desse starthestane: Håketine, Tiger Binna, Skolapp, Thai Lady, Thai Girl, King of Glory og Upandgo. Dette året har vore stor suksess. Hestane har hatt flott form og sprunge inn gode pengar til oss. Dei som har vore mest med hestane er Håkon B. Steine, Victoria Steine, Charlotte Steine og litt Henriette Steine. Hestane har gått jamnt heile året og har tjent fine pengar litt etter litt. Det kjekkaste var kanskje då Håketine sjokkvann i V75-7 den 2. april og hindra eit spillelag over 50 millionar kroner.


Her kjem ein liten oversikt over kva kvar hest har tjent. Det er sett opp slik: Namn: Antall startar - 1.plassar - 2.plassar - 3. plassar - øvrige plasseringar - Innkjørte pengar - Beste noterte tid dette året voltestart - Beste noterte tid dette året autostart
King of Glory: 28 - 2 - 3 - 1 - 8 - 73 000 kr - 17,6k/17,6m - 14,8ak
Thai Girl: 8 - 0 - 1 - 0 - 3 - 8 000 kr - 19,3k - 17,5ak
Thai Lady: 14 - 0 - 3 - 1 - 3 - 41 000 kr - 18,8m - 17,5am
Upandgo: 10 - 0 - 0 - 0 - 3 - 4750 kr - 20,5m - 17,6ak (NB! Har ikkje stått hos oss heile tida, for oss har han fått: 6 - 0 - 0 - 0 - 3 - 4750 kr - 21,2m - 17,6ak)
Håketine: 26 - 4 - 2 - 1 - 9 - 88 950 kr - 27,7k - 28,8k
Skolapp: 15 - 0 - 1 - 3 - 3 - 25 800 kr - 26,3 - 25,6ak
Tiger Binna: 17 - 0 - 0 - 1 - 8 - 12 500 kr- 35,1m - ikkje starta auto (NB! Har ikkje stått hos oss heile tida, for oss har ho fått: 8 - 0 - 0 - 0 - 4 - 4500 kr - 35,1m )


Totalt på stallen: 105 startar - 6 seirar - 10 andreplassar - 6 tredjeplassar - 33 øvrige premiar - 50 uplassert - 246 000 kroner innkjørt
Totalt på stallen i prosent: 5,7 % 1. plassar - 9,5 % 2. plassar - 5,7 % 3. plassar - 31,4 % øvrige premiar, 47,7 % utan premie

Årets hest 2010: French Crown

I 2010 var det French Crown som gjorde det best. På 20 startar tente han 86 500 kroner. Han byrja året med to sigrar, etterpå fekk han tre andreplassar, fire tredjeplassar og fem øvrige premiar. Det vil seia at han fekk premie i 14 av 20 startar. Sigersprosenten er på 10, trippelprosent på 45. Han gjekk ny rekord på 1.16,9 over 2120 meter voltestart. Rekorden og sigrane kom med Øyvind Austevoll i vogna. Han køyrde 15 av løpa, Håkon køyrde to, Charlotte eitt og Lars Tore Hauge køyrde to. På autostart var det raskaste han trava 1.17,1aM, som var ny autorekord.


French Crown opnar året med siger. Øyvind Austevoll sit i vogna. Foto: Åge Liland

Årets hest 2009: Vertigo Faks

I år har Vertigo Faks vore den hesten som har tent mest på stallen vår. Han starta 18 gongar og fekk med seg 91 000 kroner. To av desse løpa trava han fyrst i mål, medan han fekk med seg to andreplassar og fem tredjeplassar. Det vil seia ein trippelprosent på 50. Han fekk og to premiar utanom desse løpa. I kvalifiseringen til Kriteriet vart det galopp. Som best trava han 1.33,7 på mellomdistanse ved voltestart, medan han trava 1.32,6 på ein sprint med autostart. Kuskar i løpa var Lars Tore Hauge og Håkon.


Årets hest 2007: King of Glory

Dette året har King of Glory vore overlegen på stallen vår. Bru Linn, Mjølner Jet og Thai Lady gjekk alle løp nokre månadar utan dei heilt store resultata. King of Glory har i 8 av 12 månadar blitt månadens hest på stallen vår. Totalt starta han 28 gongar. Han hadde ingen sigrar eller andreplassar, men to tredjeplassar og 17 øvrige plasseringar. Totalt innkjørt hadde han 41 900 kroner. Han gjekk ny volterekord 21. juni, då kjørte Håkon han til mål på tida 1.15,6 over 1620 meter. Resultatet i det løpet var ein 3. plass, bak Uschkim og Conrads Rune, og 4000 kroner. Den beste tida han har gått med autostart i år er 1.16,2 i eit løp over 1600 meter. Det beste han har gått i montéløp i år er 1.19,3 som han gjekk i to av montéløpa han starta. Gamlegutten vår har vist at han framleis kan.

Lukke til vidare, King of Glory!


Årets hest 2006: Thai Lady

Dette året var det liten tvil om kven som skulle vera årets hest. Thai Lady har utan tvil våre stallens store suksess dette året. Ho har totalt starta 19 gongar i år, dette har resultert i 3 seirar, 3 andreplassar i tillegg til 4 øvrige premiar. Heile 232 500 kroner har ho sprunge inn!!! Dette førte til at i TGN sin årsrevy kom Thai Lady på 6. plass i kåringa av landets beste 4-årige hopper. Det største løpet Lady deltok i dette året var Hoppe-Derby. I kvalifiseringa fekk ho ryggen til Olganina som ho fulgde heilt inn i mål og ho kom på 2. plass som førte til finalebilett til Hoppe-Derby. I løpet havna ho i dødens på Olganina, her fekk ho vist fram kor sterk ho er. Etter dødens heile løpet i høgt tempo haldt ho heilt til mål og 2. plass i Hoppe-Derby!!! To veker seinare sprang ho inn til 2. plass i Nils Brekkes Pokalløp. Her tjente ho 37 500 kroner. Thai Lady har hatt eit heilt fantastisk år. Ho har stått i trening hjå Rune Wiig, med Britt Tone Lea som oppassar i nokre månadar og det var stor suksess. Rune har kjørt ho i mange av løpa hennar dette året. Neste år håpar me ho kan springa løp, men om ho ikkje skal det så har ho plass hjå Face of Speed og skal då i avlsboksen

Lukke til vidare med karrieren Thai Lady!


Årets hest 2005: Håketine
Dette året var det Håketine som var den beste hesten. Ho starta 26 gongar, det resulterte i fire 1.plassar, to 2.plassar og ein 3. plass, i tillegg var ho å henta premie 9 gongar. Ho gjekk ny rekord på 27,7k voltestart, også auto gjekk ho ny rekord med 28,8ak. HåkonB. Steine var den somkjørteho i flest av løpa, i tillegg vann Geir Mikkelsen med ho då han kjørte ho i NM for stallansatte. Rune Wiigfekk ogsåprøve seg i sulkyen hennar, resultatet va mindre bra den gongen i rikstotløp på Klosterskogen Travbane i Skien.Tine sjokkvann i V75 den 2.april i år og hindra eit spele lag godt over 50millionar, og sørga for dobbel jackpot. Tine har gjort det veldig godt denne sesongen med heile 88 950 kroner innkjørt. Ho harstått i trening heime hos oss heile året, bortsett frå ei lita veke dåhovar til bedekking. Ho avslutta karriera si med ein 2. plass. No skal ho kun vere avlshoppe og er drektig med Åkre Lurifax. Me takkar Håketine for det flotte arbeidethohargjort ibanen og håper ho vil gje oss nokre gode føll framover.

Gratulerer med 2005 og lykke til i avlsboksen Håketine!


Årets hest 2004: Thai Girl

Thai Girl vart kåra til årets hest 2004. Etter 43 100 innsrungne kroner. På 19 startar har ho fått eion førsteplass, to andreplassar, ein tredjeplass, tre øvrige plassar og tolv gongar har ho passert mål uten å få premie. Som best på voltestart sprang ho 17,2. Det var på Biri Travbane med Eirik Høitomt i sulkyen, distansen var 2120 meter. På autostart har ho gått 16,3. Eirik Høitomt kuska denne gongen også, banen var Bjerke og distansen var 1609 meter. Grunnen til at Eirik Høitomt har kuska i desse løpa er at Thaien har stått i trening hos Knut Halvor Grønebekk ei tid. Det fekk jo et bra resultat, men ho likte seg også godt då ho kom heim igjen. Me har frykta at ho har hatt litt luftveisproblemar, så no har ho begynnt å gå med ei plate under haka som ser ut til å hjelpe=) Etter et godt år i 2004, håper me på et like bra år 2005.