Forside
Oppdateringar
Nyheter
Avlsnytt
Hestane
Hestar til salgs
Bilete
Stallen
Stallfolket
Stallsjefen
Rytterane
Månadens hest
Avl
Minneside
Viktige folk
Nedlastingar
Linkar
Gjestebok
e-mail me


~Minneside for Skolapp~

Skolapp var ein av dei mest herlige hestar ein kan komme borti. Han var ein livlig herremann fram til han vart skada på ny. Den siste tida før han vart skada var formen på topp, humøret var på topp og gamle gutten var kattemjuk som aldri før. Skolapp var ein herlig valakk som var full av liv og energi, han var snill med alle og det var ingenting vondt i han. Skolapp vart 13 år gammal. Han var fødd 08.04.1993. Etter dette har han vore her på garden heile livet, med korte opphald på Bergen Travpark og i Stavanger. Så at me hadde eit godt forhold til han der det liten tvil om. Skolapp var ein klar favoritt hjå mange. Ein utrulig herlig hest. Han hadde flott utsjånad og ein kjempe flott personlegheit. Han elska all oppmerksaminga han fekk. Når me sto utanfor boksen hans og såg på han kom han først med nakken og ville bli klødd der, men siste tida kom han alltid med mulen først og ville bli klødd under haka. Skolapp var spesiell med alle faktene sine. Når han var i form var han sprek som ein unghest og hoppa rundt og leika at han var redd alt  mulig. Sjølv om han var litt umulig innimellom så var det sjeldan han var heilt vrang. 

Skolapp har også gjort det bra i løpsbanen. Med 20 sigrar, 41 andreplassar og 26 tredjeplassar, 835.600  kroner innkjørt kan me ikkje klaga. Han vant blant anna Bergen Grand Prix den 4. oktober 2001. I oktober 2001 vart Skolapp kåra til Månadens hest på Bergen Travpark. 23.03.02 fekk han 2. plass i Magnus O. Landaas Minneløp, der han tapte for Høibysmåen, men slo blant anna Bokli Balder. Skolapp var leigd vekk til Stavanger ei stund. Det beste resultatet hans frå opphaldet der var på Klosterskogen Travbane 19.04.03 med Gunnleif Tollefsen i sulkyen. På siste indre spurta han inn til siger verdt 60 000 kroner i Sigvart Larsens Minneløp.  Dette var siste gongen Skolapp vann løp. Han var ingen lett hest å få først i mål, han stoppa frå seg mange sigrar og gode plasseringar på dei siste meterane. Var han ikkje 100 % frisk så galopperte han. Kuskar som fekk æra av å kjøre han var: Håkon B. Steine, Ove Wassberg, Håkon Håvardstun, Svein Ove Wassberg, Jens Kristian Lunde, Svein Harald Håvardstun, Rune Wiig, Arne Hop, Cato Antonsen, Gunnleif Tollefsen, Lasse Høgemark, Jan Erik Landaas og Åsbjørn Tengsareid. Cecilie Bergfjord Berntsen og Silje Fjeld  fekk ri han i løp. I tillegg rei Charlotte Steine han eit  løp på ein lokalkjørng.

Skolapp vart fødd hjå Tore Mo i Vikøy,så vart han solgt til Bjørn Steine, som er far til Håkon. Han var i trening hjå Ove Wassberg ein periode og Ove kjørte Skolapp masse i løp på den tida. Seinare overtok Håkon det meste av kjøringa i løp og sommeren 2001 vart Skolapp kjøpt av familien Steine. Dette året vart ein stor suksess. Han kjørte inn mykje pengar og vann litt. Skolapp storkoste seg dei siste åra sine. Han var ein lukkeleg hest som hadde livsglede og livslyst og som me alltid kjem til å hugsa. Me saknar deg utrulig mykje Skolapp!

Det triste hendte 16.02.06. Skolapp gjekk montéløp og galopperte i første svingen. Han vart kanskje stoppa litt brått eller noko liknande. Etter løpet var han stokk halt. Då var det rett til veterinæren. Ho frykta at det var kodeleddet som hadde brukke og ville ha han på klinikken så ho fekk ta røntgen dagen etterpå. Charlotte og  Håkon var der med han då veterinæren sjekka han. Han fekk smertestillande og støttebandasje og Charlotte leidde han bak i boksen han skulle stå i. Der sto han i ny spon og gomla på høyet sitt.  Han hadde på seg "BA - Månedens Hest Bergen Travpark Oktober 2001" dekkenet og ei lærgrime med ein raud pus på. Han gomla fornøgd på høyet sitt då me gjekk frå han. Tårene trilla på både meg (Charlotte) og pappen (Håkon). Ikkje at det er så rart, den hesten betyr utrulig mykje. Milde fekk nummeret til pappen og me måtte reise heim, med kun to hestar på bilen. Dette vart ein dyster biltur. Ingen god stemning.

17.02.06 får pappen telefon frå Milde. Skolapp hadde ikkje brukke kodeleddet, men gaffelbåndet hadde røket for andre gong på same foten. Ved middagsbordet  måtte me diskutere kva me skulle gjera med Skolapp. Skulle me ta han heim att, satse på at han vart frisk og trene han opp igjen til å gå travløp? Eller skulle me la han sleppe meir liding?  Han måtte gått på smertestillande i 3 veker. Han måtte blitt dopa ned for å kunne bli frakta heim til oss. Han hadde ingen  garanti for å bli frisk. Han hadde gått løp i ni sesongar og  var begynt på sin tiende sesong og etter ein skade er det ikkje sikkert løpslysten hadde kome tilbake. Han hadde ikkje kunna blitt solgt pga. frykten for at han  kunne bli solgt vidare og vidare og endt opp ulukkeleg. Han var begynt å bli litt gammal (13 år).  Siden det hadde vore endå verre om me hadde hatt han i eit halvt år til og han hadde levd med mykje smerter for så å måtte bli avliva likevel endte me opp med den verste sida. Han skulle få ei sprøyte og sovna stille inn.

No har han ikkje lenger smerter, no er det kun me som sit igjen med smertene i saknet. Skolapp lever vidare i hjartene og tankane våre... Du betydde mykje for oss alle Skolapp, no veit me kvar du er og at du har det bra. Dette var nok det beste for deg... Me saknar deg utrulig masse Skolapp.

*Kvil i fred vår kjære Skolapp*

Dikt til Skolapp som Charlotte Steine har skrive:

Det siste bildet

Tårer triller
Nedover et kinn
Minnene vokser frem
De sorte hårklokkene
I en flette
Rammer inn
Ditt nydelige ansikt
Dine skinnende øyne
Ditt uttrykk
Er så typisk
Deg

Nye tårer
Ørene dine er toppet
Leppene dine smiler
Du var så vakker
En skade
I ditt høyre bakben
Var nok til
At du måtte
Si farvel

Du har det
Smertefritt nå
Savnet  vårt
Vil alltid
Være til stede

Vår firbente venn
Sovnet stille inn

Du var
Og er fremdeles
Høyt elsket

Det siste bildet
Sier alt
Vi savner deg
Skolapp

Dette er det siste bildet som blei tatt av  Skolapp, det er den dagen han vart skada på ny. 16. februar 2006.

Diverse informasjon:
Far: Lapp Nils (S)
Mor: Norheim Sindy
Farge: Lysbrun
Født: 08.04.93
Død: 17.02.06
Kallenavn han hadde: Skolapp, lappen, skoslappen, gutten, galoppus, skvettlapp, skvettslapp, Stopplapp, gamlingen, gamlegutt 

Resultata hans i løpsbanen:
Totalt antal startar: 178
Første plassar: 20
Andre plassar: 41
Tredje plassar
 :26
Øvrige plasseringar: 38
Løp han endte uplassert: 53
Grunnlag han endte opp med: 835 600 kroner
Rekord i volte: 1.23,7K (1600 meter)
Rekord i auto: 23,3aK (1600 meter)

.

Stamtavla hans henta frå www.travsport.no:

Lapp Nils (s)
S-78-0196
24,4 - 24,5a - 
Lapp Lasse (s)
NT-79
30,2 - 
Junius (s)
K-1478
36,0 - 
Remin
6659
37,2 - 
Juno (s)
K-3099
59,5 - 
Solbalett (s)
K-9875
41,6 - 
Solo (s)
ND-1026
38,9 - 
Åby Lissa (s)
K-5437
47,3 - 
Turita (s)
K-13986
31,7 - 33,5a - 
Pavin
16927
34,1 - 
Pavegutt
4418
38,7 - 
Tømra
5652
Ceirita (s)
K-8398
39,5 - 
Ceres (s)
ND-883
37,3 - 
Eicer Bruden (s)
K-10583
Norheim Sindy
N-83-0066
Jahn Sjur
22608
35,6 - 
Steggbest
17992
29,3 - 
Stegg
8200
34,4 - 
Grasiøs
12671
Ljønna
17993
Ljønar
9224
43,0 - 
Grasiøs
12671
Støva
28906
31,7 - 
Flisa Støvern
25526
31,0 - 
Årnseth Rauen
19707
30,8 - 
Kil-Snella
18735
36,0 - 
Schuvarda
22907
34,9 - 
Tofteruggen
18989
35,2 - 
Schudina
5897
41,0 -