Forside
Oppdateringar
Nyheter
Avlsnytt
Hestane
Hestar til salgs
Bilete
Stallen
Stallfolket
Stallsjefen
Rytterane
Månadens hest
Avl
Minneside
Viktige folk
Nedlastingar
Linkar
Gjestebok
e-mail me


Vertigo Faks kom til verda 29.06.06, han er Håketine sitt fyrste avkom. Mora vart oppdretta av Håkon, og fungerte godt i løpsbanen då me klarte å løysa luftproblemet hennar. Ho tente 205 500 kroner, tok 7 sigrar og 23 trippelplasseringar på 104 startar. Ho trava 1.27,7 som fortast, og vann eit V75-løp då ho speeda ned storfavoritten på oppløpet, og gjorde at det vart dobbel jackpot i omgangen etterpå. Faren er Åkre Lurifax, som er sønn av kaldblodskongen Järvsöfaks. Han er fortsatt aktiv i løpsbanen, men har tjent over 2,27 millionar kroner. Filofax er det beste avkommet etter han, med Vertigo Faks som ein god nummer to. Faks hadde ein kjempeflott treårssesong, der han var på trippelen i halvparten av startane sine. Fireårssesongen vart litt meir trøblete, men han var fire gongar på trippelen, og han har vist fin utvikling heile vegen. Han har byrja å visa fine fartsressursar, så det er meir å henta i han framover. Fredag 13. mai starta han i Bergen, etterpå reiste han til sine nye eigarar på Madla. Stian Svendsen og Margareth Svendsen har kjøpt han.

Eier: Victoria Steine
Født: 29.06.2006
Farge: Rødbrun
Kjønn: Vallak
Far: Åkre Lurifax
Mor: Håketine
Kallenavn: Faksen, Faks, Faksi
Karierre: 67 startar - 4 første - 6 andre - 7 tredje - 18 øvrige premiar - 32 Uplassert
Innkjørte pengar: 190.500
Poeng han har no: 245
Volterekord: 1.29,2M (2120 meter)
Autorekord: 1.28,6aK (1600 meter)

Håkon er trenaren. Han er ein dyktig kar som tek seg av det meste. Han skor sjølv, trenar hestane sjølv og køyrer sjølv i løpa. I tillegg til hestane er han økonomiansvarleg i Brødrene Steine A/S. Hestane har han heime på gården. Han er gift med Solveig og dei har borna Charlotte, Victoria, Henriette og Bjørn. Håkon er fast gjest på travparken i Bergen så lenge han har starthest. Han har amatørlisens.

Victoria er fødd i 1992. Ho er ei blid og sporty jente med mykje energi. Ho er i stallen nesten kvar dag. For tida er ho lærling i barn og ungdomsfaget, og går på skule kvar torsdag på Lønborg. Det passar perfekt sidan det er travkøyring denne dagen. Om vinteren deltek ho både i langrenn og skiskyting. Andre skildrar ho som: Snill, godt humør, gledesspreiar, god venn, til å stola på og bestemt. Ho tok montélisens og rekrutt kjørelisens hausten 2009, men har no amatør kjørelisens.

Stamtavla hans er henta på: www.travsport.no:

Åkre Lurifax (SE) S-00-0337 24,9 - 22,0a Jærvsøfaks (SE) S-94-0413 21,2 - 17,9a Trollfaks N-84-0559 25,5 - 25,8a Troll Jahn 033124 28,1 - 27,3a
Reitlisa 029319
Jærvsø Anna (SE) S-88-0526 Lapp Nils (SE) S-78-0196 28,5 - 25,6a
Vinjænta (SE) S-82-0348
Åkre Snærta (SE) S04385 Slogum Tron 036302 23,8 - 24,2a Brage 030426
Slogum Tora 028743
Ede Kuta (SE) S-72-0200 Ede Pavin (SE) NT-31
Håketine N-98-0770 27,7 - 28,8a Bork Rigel N-88-1247 21,9 - 20,4a Alm Rigel 037328 24,9 - 25,4a Nilen 024522
Oleanne 033322
Linsi N-83-0752 Eldon 033243
Melnes Tara N-78-0566
Haakemai N-79-0533 31,2 - 31,3a Remi 034509 35,4 Gamill 027948
Almlin 026263
Haakeperla 035834 Jahn Sjur 022608
Haaketerna 027762