Forside
Oppdateringar
Nyheter
Avlsnytt
Hestane
Hestar til salgs
Bilete
Stallen
Stallfolket
Stallsjefen
Rytterane
Månadens hest
Avl
Minneside
Viktige folk
Nedlastingar
Linkar
Gjestebok
e-mail me


Her kan du lese nyheter fra den siste tida i stallen



Vertigo Charlot: Frå 20 meter tillegg fekk ho ein svak start. Ho kom til i eit slags fjerde innvendig, med nokre lengder mellom hestane. Første 500 meter gjekk på 1.18,9 med strekhesten. Ho låg i tredje innvendig opp mot 1000 meter som strekhesten passerte på 1.18,8. Då var det vanskeleg å henta meter. Ein runde frå mål angreip ho i andrespor, men mangla litt sprut sidan travet ikkje gløyt heilt hundre. Første 500 meter siste runden gjekk på 1.18,5 med strekhesten. Inn på oppløpet trava ho betre, men då hadde ho tapt litt, men ho fullførte til 4. plass.

Vertigo Victoria: Gjekk godt frå start, men galopperte inn på fyrste svingen og tapte mykje. Etterpå kom ho aldri inn i løpet.

Misty Valley N.: Ho kom fint til i andre utvendig. Første 500 meter gjekk på 1.15, då hadde to av hestane 40 meter forsprang ned til feltet som Misty sat i andre utvendig. Første 1000 meter gjekk etter 1.15. Misty slapp ryggen sin litt og fekk ein konkurrent ut framføre seg, så då gjekk ho inn i tredje innvendig. Etter 2000 meter stoppa ho og passerte mål som åttande hest og fekk siste pengane på 19,0.

Vertigo Bjørn: Han starta frå spor 8 bak startbilen med Lars Tore Hauge i vogna. Han var treig bak bilen og havna sist i feltet. Første 500 meter gjekk etter 1.28,8. Ein runde frå mål gjekk han ut sist i andrespor. Ut på siste bortre langsida gjekk han ut i tredjespor, då vart 1000 meter passert på 1.29,9. Han gjekk framover i tredjespor i den siste svingen, men hadde for langt fram til dei fremste. Han avslutta bra og fekk 6. plass på ny rekord 1.31,0.

Vertigo Jette: Ho fekk ein dårleg start, men kom ned i ledarryggen sidan det berre var to på strek. Opp mot første 500 meter vart det til tredje innvendig. Første 500 meter gjekk på 1.39,4. Ho vart dregen sist av ein konkurrent som ikkje gjekk på fram. 1000 meter var farten auka til 1.32 på tilleggshesten. Då gjekk Jette ut i andrespor og runda hesten som ikkje gjekk så mykje på fram. Så vart farten auka til rundt 1.30 neste 500 meteren. Farten vart skrudd opp på sisterunden, og inn på siste svingen kom galoppen så ho tapte mykje på det. Då hadde første 500 meter på sisterunden gått etter 1.29,8. Ho kom tilbake etter galoppen og kom seg opp som femtehest.


Vertigo Bjørn: Håkon køyrte han sjølv i dag og han fekk ein ok start, men havna langt bak frå sine 60 meter med tillegg. Første 500 meter gjekk etter 1.34,8 og han var langt bak, nokre meter bak feltet. Etter 1000 meter galopperte han og tapte meir. 1000 meter gjekk etter 1.33,6. Han angreip ut på oppløpet og gjekk fort, men enda uplassert på 1.32,9.

Vertigo Prins: Han var ute med eigaren i sulkyen og fekk ein dårleg start. Han kom til i eit slags femte-sjette innvendig.1000 meter frå mål gjekk Prins ut i andrespor i fjerde utvendig. Ut på siste langsida gjekk han godt og angreip i tredjespor. Ut på opppløpet henta han mykje på dei to som var i tet og kopla grepet og gjekk inn til karrierens fyrste siger for sine eigarar på 1.31,4 og fekk 20.000 kroner på konto.

Vertigo Jette: Gjekk greit frå start, men galopperte i fyrste svingen og havna i tredje innvendig som vart til fjerde innvendig. I andre svingen sleit ho litt. Ho kom seg ut i siste svingen og spurta fint til 4. plass på rekorden sin 30,9.

Vertigo Faks: Kom veldig fint inn i løpet og kom fram i tilbaketrukken dødens. 500 meter gjekk etter 1.31. Då hadde Faks nesten komme opp på sida til tethesten. Han gjekk litt tråare ned siste langsida, men fekk ein stoppande hest foran seg i siste svingen og mista gnisten. Dermed enda han uplassert på 31,9 i sin første start med Victoria som eigar.


Vertigo Bjørn: Han starta frå bakspor med Lars Tore Hauge i vogna i det 2100 meter lange autostartløpet. Han innleda rolig og havna sist i feltet, men kom til i tredje utvendig. Første 500 meter gjekk etter 1.31,5. 1000 meter gjekk etter 1.32,9 og han var framleis i tredje utvendig. Ut på siste bortre langsida gjekk han ut i tredjespor når farten i front auka. I siste svingen drog han opp sjekken og han hjelpte han ut på oppløpet. Ned oppløpet henta han litt, men ikkje nok. Han var ei halv lengde frå finalebilletten, men han gjekk eit fint løp.


Fine prestasjonar, 5 godkjente (Bergen 02.06.11)

Vertigo Pride: Han var den siste 2-åringen vår som skulle gå mønstringsløp. Frå start løyste han fint, og gjekk på utsida av den andre 2-åringen heile vegen. Første 500 meter på 1.33 og første 1000 meter på 1.32,5. Ned oppløpet gjekk det i bra tempo og til slutt kom han i mål på 1.31,0 og godkjent. Dermed var 5 av 5 av 2-åringane våre i år godkjente i mønstringsløp.

Vertigo Jette: Ho vat ute i montéprøveløp med Charlotte på ryggen. Det gjorde ho på ein enkel måte og kom i mål på 1.34,8 utan å galoppera. Ned oppløpet gjekk ho fort og viste fine ressursar under sal.

Vertigo Bjørn: Han starta i det første løpet med Lars Tore Hauge i vogna. Frå start løyste han bra og gjekk på innsida av ein hest på samme distansen. I første svingen gjekk han ut i andrespor og låg fint til i feltet. Storfavoritten Dag Odinson blåste feltet på første langsida. Bjørn låg i hovudfeltet heile vegen. Inn på siste svingen gjekk han forbi feltet og fekk fleire lengder, men han var langt bak Dag Odinson. Likevel vart det ein fin 2.plass på ny rekord 1.34,5 og nye 10 000 kroner innkjørt.

Mustang Elegance: Victoria rei montéløp på Mustang Elegance. Dei fekk ein ok start og kom fint til i feltet. Nokre av hestane langt framme tok avgarde i front og dei låg med som fjerde-femtehest heile løpet. Til slutt vart dei forbigått, men fullførte til 6. plass på 1.20,2.

Lillruben: Charlotte rei han i det same montéløpet. Dei fekk ein trøblete start med mange hestar framføre, og havna i tredjespor i den andre svingen. Så vart dei flytta endå eit spor ut og fekk ein drøy sving for å runda konkurrentane. Han leverte ein fin sisterunde og plukka konkurrentar til 3. plass på 18,2.

4 av 5 godkjente i mønstringsløp (Bergen Travpark 26.05.11)

Vertigo Scott: Han gjekk mønstringsløp med Håkon i vogna. Det vart godkjent på 1.58,9 med galopp.

Vertigo Perla: Lars Tore Hauge kjørte ho i mønstringsløpet. Resultatet vart godkjent med galopp på tida 1.59,0. Med det var alle dei fire kaldblods 2-åringane godkjente, alle på fyrste forsøk. Neste veke er det Pride som skal prøva seg.

Vertigo Jette: Ho starta i det andre løpet i dag, med Håkon i vogna. Ho hadde fyrstespor på 20 meter tillegg, og fekk ein ok start. I fyrste svingen kom ho ned i fjerde innvendig, som vart til femte innvendig, og sjette innvendig. Inn på den andre svingen gjekk han ut i andrespor, og fekk posisjonen femte utvendig. Første 1000 meter gjekk etter 1.35,9. Ut på siste langsida angreip han i tredjespor, men ho rulla over i galopp og tapte mykje. Ho gjekk greit ned oppløpet, men henta ikkje nok og kom i mål som uplassert på 34,1.

Vangen Glunten: Victoria rei Vangen Glunten i eit montéløp i dag. Fekk ein treig start frå sitt lange tillegg, men sidan mange av hestane framføre galopperte var dei oppe som sjettehest på første langsida. Første 500 vart åpna på 1.29,5. 1200 meter frå mål gjekk dei i angrep. Første 1000 meterane gjekk etter 1.30, då henta dei mange meter. I nest siste svingen var ho oppe som femtehest, og jobba seg framover på siste langsida. Inn på siste svingen har ho stor fart og er oppe som tredjehest. På oppløpet passerer ho andrehesten og tek opp kampen på Samina Ø.K. i tet, men det gjekk akkurat ikkje. Raskast i feltet var han på 1.28,1.

Årets fjerde føl er komen til verda (Steine 25.05.11)

Thai Girl fødde ein velskap hingst etter Thai Tanic. Han vert svart med ei lita kvit stjerne i panna.

To godkjente og to premiar (Bergen 20.05.11)

Vertigo Ella: Ho gjekk mønstringsløp og var imponerande til 1.52,8. Håkon køyrde ho sjølv.

Vertigo Stjernen: Han gjekk mønstringsløp saman med Ella, og gjorde ein fin innsats til 1.56,6 med galopp. Lars Tore Hauge sat i vogna.

Vertigo Bjørn: Han starta i det fyrste løpet i dag, frå 40 meter tillegg. Lars Tore Hauge køyrde han. Han fekk ein fin start og var med som åttandehest på startsida. I fyrste svingen galopperte han og tapte mykje. Han kom opp som sjettehest etterpå. 1000 meter gjekk etter 1.36,1 og då var det blitt langt fram. I tet tok Dag Odinson avgarde, men bak kjempa Bjørn seg framover til ein fjerdeplass på 1.36,4.

Vertigo Prins: Han hadde fått Ove Wassberg tilbake i vogna i dag. Frå start gjekk det fint, men han galopperte i første svingen. Han var med som åttandehest ein runde frå mål. Siste runden gjekk han fint, og ned oppløpet gjekk han godt. Til slutt enda han på 6.plass på 1.39,5. Jentene best, dårlege resultat og Faks seld (Bergen 13.05.11)

Misty Valley N: Ho var fyrst ut denne dagen i eit montéløp med Victoria på ryggen. Ho løyste greit frå start og innleda som sjettehest, men inn på fyrste svingen galopperte ho. Dermed braut ho løpet. Charlotte rei Lillruben i det same løpet. Han innleda roleg, og låg langt bak. Siste runden nytta han til å henta inn hestane framføre. Det gjekk fort heile vegen og han henta inn mykje av tillegget og forspranget til hestane. Til slutt kom han i mål på 3.plass på 1.17,4, og var raskaste hesten i feltet. Ein fin montédebut.

Vertigo Faks: Starta i det andre løpet med Håkon i vogna. Han galopperte bak startbilen og vart diskvalifisert. Etterpå vart han seld og reiste ned til typen til Charlotte, Stian Svendsen. Han kjøpte Faks saman med mora si. Victoria køyrde Gil Rau Jo i det same løpet. Ho køyrde godt og låg fyrst langt bak i feltet, men valde andresporet ut på siste bortre langsida. Det vart riktig. I siste svingen tok han nokre galoppsteg. Etterpå gjekk han til mål og fekk 4.plass på 1.29,2. .

Vertigo Jette: Ho var neste hest ut, i det femte løpet. Frå tolvtespor bak bilen innleda ho sist i feltet, men kom fram i femte innvendig. 1200 meter frå mål vart det til sjette innvendig. Ein runde frå mål galopperte ho og tapte mykje. Då var det over og ho enda uplassert på 1.34,1.

Endeleg kom han - årets tredje føl (Steine 07.05.11)

Håketine fødde sitt femte føl 7. mai. Det var ein raud hingst etter Mørtvedt Jerkeld. Les meir om han under hestane, og sjå bilete av han under bilete. Han har fått namnet Vertigo Drøm. Årets andre føl - Vertigo Håkon (Steine 05.05.11)

I dag kom årets andre føl. Bru Linn leverte ein velskapt hingst etter Alm Viktor. Du kan sjå fleire bilete på sida hans under bilete, og lesa meir om han på sida hans under hestane. Foto: Håkon og Victoria Steine.








Mykje galopp og dårlege prestasjonar (Bergen Travpark 01.05.11)

Vertigo Bjørn: Åsbjørn Tengsareid fekk i dag sjansen i bak Bjørn. Han starta frå 40 meter tillegg i det fyrste løpet. Han fekk ein god start og henta mykje på startsida. Første 500 gjekk etter 1.39,5. Då var det strekk i feltet. Han angreip i tredjespor i den andre svingen og galopperte, slik at han kom i eit slags tilbaketrekt tredje utvendig. Fyrste 1000 meter gjekk etter 1.36,3. På siste borte langside angreip han i fjerdespor og kom fram som fjerdehest. Han galopperte igjen i den siste svingen, og tapte mykje. Tethesten gjekk siste 1000 meter på 1.32, og då vart det vanskeleg å henta noko. Til slutt kom han i mål til sjetteplass på 1.36,8.

Vertigo Prins: Han leverte sin debut med ein av sine eigarar, Kjell Sunde, i vogna. Prins er oppdretta hjå oss, men vart seld til Kjell Sunde og Roy A. Espedal. Han løyste godt frå start og kom fint til i det tredje innvendig. Til 500 meter passering var det langt fram til dei to fyrste hestane. Han hang delvis på dei to fyrste, 10-15 meter bak dei fyrste. Han tapte litt meir resten av runden, men gjekk godt til mål og kom fram til ein fin 2.plass og fekk med det 10 000 kroner innkjørt i karrieren sin fyrste start. Rekorden hans vart sett til 36,8.

Misty Valley N.: Victoria kjørte ho i det andre løpet, eit ungdomsløp. Etter ein omstart, fekk ho ein litt dårleg start i det gyldige forsøket og havna sist i andrespor, i eit slags sjuande utvendig. Første 500 meter gjekk etter 1.24, då var Misty sist i feltet og låg i førstespor. 1000 meter gjekk på 1.20,8 og Misty låg framleis ei lengd bak feltet. På siste bortre langsida vart ho fråkjørt, og ho enda uplassert på 1.19,9.

Gil Rau Jo: Victoria kjørte han for Oddvin Teigen, frå spor to i det femte løpet. Frå ein ok start kom han fint til i andre utvendig, men gjekk ned i ledarrygg då dødenstravande galopperte. Første 500 meter gjekk etter 1.32,1. I andre svingen overtok Spang Spenter, då sat ho i tredje innvendig. Første 1000 meter gjekk etter 1.27,1. Det vart langt fram til Spang Spenter som kjørte sitt eige løp framme. Ho låg framleis i tredje innvendig på den siste bortre langsida. I siste svingen stoppa hesten framføre litt, og ho vart dregen med bakover. På oppløpet kjørte ho ut eit spor, og han gjekk godt til mål og fekk fjerdeplass på ny rekord 1.27,9. Tidlegare hadde han rekord på 1.28,1, men det var på sprintdistanse.

Vertigo Faks: Han starta i det sjuande løpet med Åsbjørn Tengsareid i vogna. Han fekk ein grei start og satsa framover direkte, og var framme i andre utvendig allereie inn på første svingen, men havna så i tredjespor. På første langsida galopperte han og tapte ti-tjue meter på det før han galopperte på nytt. Etterpå fungerte han ikkje heilt og blei til slutt diskvalifisert for galopp.


Ikkje heilt på topp (Bergen 28.04.11)
Delphis Lantern: Charlotte rei han i eit montéløp for team Ovi. Det vart trongt frå start, så han galopperte. Etterpå likte han ikkje spruten og vegra seg for å gå i feltet. Det var ikkje trykk i han, men han fekk 6.plass på 1.20,0 med galoppen.
Explosive Nala: Victoria fekk ri i montéløpet sidan ein av dei andre rytterane ikkje kunne. Etter ein hissig varming vart løpet enklare. Ho fekk ei fin reise i tredje innvendig. Første 500 meter gjekk etter 1.15. Til slutt hadde ho ikkje så mykje å by på, men ho haldt til 5.plass på 1.19,3.
Vertigo Jette: Ho starta i det 5.løpet med Håkon i vogna. Denne dagen testa me eit nytt bitt på ho, og det fungerte ikkje. Ho galopperte fleire gongar og tok avgarde i galoppen slik at ho blei diskvalifisert for galopp.
Elve Prinsen: Victoria kjørte han i eit ungdomsløp. Ho traff starten godt og var tidleg framme i ledarrygg. Opp mot 500 meterspassering gjekk ho ut i dødens og la press på ledande Komnes Lydia. Der vart ho liggjande å halda tempoet oppe med 1.30-fart fyrste 500 meter og 1.28 fyrste 1000 meter. Likevel haldt hesten godt til 5.plass på tida 1.31,1.


Karrierens fyrste for Victoria (Bergen 21.04.11) Vertigo Bjørn: Han starta i det fyrste løpet med Lars Tore Hauge i vogna. Denne gongen hadde han 40 meter tillegg, og brukte fyrste runden til å leggja seg til. Men sisterunden lukta det svidd av. Då  plukka han konkurrent etter konkurrent. Det vart for langt fram til Erga Odin som stakk avgarde i 33-tempo frå strek, men han fekk ein fin fjerdeplass på ny rekord 1.35,5. Han gjekk heile løpet utan galopp. Vertigo Prins skulle ha debutert i det same løpet, men etter ein omstart der han ikkje ville snu strauk dei hesten.

Vertigo Faks: I det 3.løpet var Faks ute i kvalifiseringsløp til Bjørgvinpokalen. Jan Erik Landaas fekk sjansen bak han igjen. Dei krangla allereie i varminga, og vart ikkje heilt einige. I løpet gjekk han 29,6, men på slutten tapte han meir og meir til konkurrentane. Likevel får han godkjent for innsatsen. Han enda uplassert, og gjekk ikkje vidare til finalen.

Dobb Nalan: Charlotte kjørte Dobb Nalan i eit dameløp frå spor ein bak startbilen. Etter ein rask opning fekk han teten, og der sat dei heile løpet. Første 500 meter på 1.14 og første 1000 meter på 1.17. Til slutt hadde han ikkje det ekstra giret, og måtte gje tapt for to sluttspurtande hestar, men haldt bra til 3.plass på 17,3.

Misty Valley N.: Starta i det femte løpet, men hadde ingenting å by på etter ei fin reise av Lars Tore Hauge. Ho ville ingenting til slutt og enda uplassert på 1.18,3.

Gilborken: Victoria hadde fått eit gjesteoppsitt på Gilborken i montéløpet. Etter ein fin start kjempa dei seg framover i feltet heile vegen. Samina Ø.K. haldt tempoet oppe med 1.29-passeringar frå tet. Inn på siste svingen hadde dei kontakt med Samina Ø.K. og Nøkle Pål i tet. I svingen rei ho rundt dei og inn på oppløpet kopla han raskt grepet og stakk unna til ein sterk siger på flotte 1.26,3. Ny montérekord for hesten. Det var karrierens fyrste siger for Victoria.




Årets fyrste føl (Steine 19.04.11)
I dag kom årets fyrste føl. Bottem Støva fekk eit hoppeføl etter Mørtvedt Jerkeld. Les meir om ho her.





Faks godkjent og Jette fekk premie   (Bergen 14.04.11)

Vertigo Faks: Han gjekk montéprøveløp med Victoria på ryggen. Sjølv om han galopperte to gongar vart han godkjent, og han kom i mål på tida 1.37,1.

Vertigo Jette: Ho starta i det femte løpet med Håkon i sulkyen. Dette løpet hadde ho fått på seg amerikanarsjekk, og ho starta frå spor ti, i bakre rekke bak bilen. Frå start hang ho greit med, og havna i eit slags tredje utvendig, som vart til fjerde utvendig. Det vart nokre lengder fram til hovudfeltet, og ho var med som sjettehest ut på siste bortre langsida. 1000 meter gjekk på 1.30,8. Då hadde Jette fått opp farten, og ho angreip i tredjespor på oppløpet. Ho gjekk godt til mål og fekk femteplass på 1.32,3.


Bjørn på trippelen (Bergen 07.04.11)
Vertigo Bjørn: I det første løpet denne dagen starta han sitt andre løp. Lars Tore Hauge kjørte. Han fekk ein grei start og fekk gå med hest på sida av seg heile fyrste runden. På sisterunden skrudde han opp farten og byrja å gå rundt konkurrentane. Farten var jamnt høg i front på strekhesten, men då dei byrja å kjenna det henta han mange meter på dei. Det vart for langt fram til dei to fyrste, men han leverte ein strålande sisterunde til ein flott 3.plass på ny rekord 1.38,1.

Vertigo Jette: Ho starta i det femte løpet og Håkon køyrde ho sjølv. Starten gjekk fint og ho kom flott til i andre utvendig, som vart til dødens. I den fyrste svingen trøbla ho litt og galopperte, ho kom tilbake, men galopperte på nytt. Ho havna så i sjette-sjuande utvendig. Siste 500 meterane gjekk fort, men inn på oppløpet galopperte ho på nytt og vart diskvalifisert. Etterpå avslutta ho fint, men då var det for seint.


Flotte prestasjonar (Bergen 31.03.11)
Misty Valley N.: Misty starta sitt andre montéløp i karrieren i dag, med Victoria på ryggen. Ho stod på 20 meter tillegg, men strekhesten var strøken. Frå start løyste ho fint og kom ned i tredje innvendig. Ho fekk nokre lengder fram til dei tre første opp mot 500 meterspassering som gjekk på 1.16,5. 1000 meteren gjekk etter 1.17,1 med Misty i tredje innvendig. Ut på siste langsida gjekk det fortare framme, og ho sleit litt med tempoet. To av hestane framføre galopperte, slik at ho låg som tredjehest. På oppløpet tok ho seg forbi tredjehesten og kom i mål til ein flott 2.plass på 1.20,2.
Charlotte rei i det same løpet på Delphis Lantern. Han trøbla frå start, og havna langt bak. Han sleit med å ta innpå noko, men han henta lengder i den siste svingen. Midt på oppløpet trøbla han igjen, men han kom i mål på 5.plass på 1.20,1 med galopp.

Vertigo Jette: Ho starta i det sjuande løpet med Håkon i vogna. Frå start bak bilen løyste ho greit, men havna i tredjespor. Ho havna i eit slags femte utvendig. 500 meterane vart passerrt på 1.28,9  med Jette sist i feltet. På siste bortre langsida fekk ho opp dampen og jobba seg framover. 1000 meter vart passert på 1.31,1. På oppløpet nærma ho seg, men fekk for langt fram til teten. Ho kom i mål til 5. plass på ny rekord 1.31,4.

To uplasserte i Rikstotoen (Bergen Travpark 26.03.11)
Vertigo Faks: Han starta i det 4. løpet med Håkon i vogna. Frå fjerdespor i volten fekk han ein treg start, og havna i tredje innvendig på startsida før han slo på ein galopp. Han la seg i trav att, men var då sist i feltet. Første 500 gjekk etter 1.28,2. Då var Faks i ein slags sjette innvendig, nokre lengder bak hovudfeltet. 1000 meter gjekk etter 1.27,2. I nest siste svingen vart posisjonen til femte innvendig, men han sleit med å følgja med då farten vart auka og i den siste svingen vart han trøytt. Han kom til mål på 1.32,0 utan premie, så no får han ein løpspause med trening.

Vertigo Jette: Ho starta i det 8. løpet, frå tillegg vart det fyrst ein omstart. I det gyldige forsøket kom ho langt bak, i eit slags sjette innvendig. Ho tok nokre galoppsteg på fyrste langsida, 500 meter vart passert i teten på 1.33. Då haldt ho ikkje følgje med teten, og låg sist på innersporet. Første 1000 gjekk etter 1.31,8, då var Jette framleis sist innvendig. Der vart ho liggjande til siste svingen, då prøvde dei å koma seg laus. Midt på oppløpet kom ho seg bak og rundt kokurrentar og ho avslutta fort, men hadde for langt fram så ho enda uplassert på 1.32,3.

I det fyrste løpet, eit montéløp, rei både Victoria og Charlotte. Victoria starta frå strek med Elve Prinsen og kom fint til som andrehest, men han galopperte i den fyrste svingen og galopperte på nytt seinare, så dei enda uplassert på 1.35,6. Charlotte rei Augne Troll frå 40 meter tillegg. Då dei to i tet galopperte fekk han overta teten ut på første langsida og passerte første 500 meter på 1.29. Ut på siste langsida trøbla han med travet, og han vart sjenert inn på den siste svingen då angriparane kom. Likevel haldt han stand til mål og fekk 3.plass på 1.30,4.