Forside
Oppdateringar
Nyheter
Avlsnytt
Hestane
Hestar til salgs
Bilete
Stallen
Stallfolket
Stallsjefen
Rytterane
Månadens hest
Avl
Minneside
Viktige folk
Nedlastingar
Linkar
Gjestebok
e-mail me


Charlotte er ei blid og glad jente fødd i august 1990. Draumen hennar var heilt sidan monté starta å ta montélisens og då ho vart gamal nok tok ho sjansen med ein gong. Etter teori-/voltekurset greidde ho eksamen og rei to montéprøveløp på Mjølner Jet som ho fekk godkjent. Ho kjørte 2 prøveløp med Glory og fekk slik rekrutt kjørelisens, den hadde ho i nesten to år. No har ho amatør kjørelisens. I montédebuten hennar fekk ho 2. plass der ho tapte med nasa på målstreken for Rigel Rasken og Monica Refsland. Då var det Mjølner Jet ho rei på. Den fyrste sigeren til Charlotte kom med Rei Spika på Bergen Travpark 26. februar 2009. I 2010 klarte Charlotte endå eit mål. Ho vart montéchampion på Bergen Travpark, og kvalifiserte seg til NM for montérytterar.

Charlotte har fått draktene sine sponsa av Brødrene Steine AS. I tillegg har Poly Pad sponsa ho med to sjabrakar, den eine i draktfargane til Charlotte, link til sida deira: http://polypadsnorge.no/

3. april 2008 var Btv med Charlotte på travparken og laga reportasje om ho, her er link til det ferdige resultatet: Link

Startar: 99
1. plassar: 9
2. plassar: 10
3. plassar: 8
Øvrige premiar: 39

Totalt innkjørt: 306 400 kroner

Victoria er ei aktiv jente. i 1992 vart ho fødd, og tok lisensen då ho var 17 år. Ho driv på med mange aktivitetar. Lisenskurset tok ho sommaren 2009. Ho kjørte prøveløpa sine 13. august og 4. september med Dala Jento, dei vart godkjente, så ho har rekrutt kjørelisens. Montélisensen tok ho med Rei Spika, prøveløpa rei ho 17. og 24. september. Det fyrste løpet rei ho 10. desember det same året, og fekk 5. plass med Dag Jørn.

Startar: 29
1. plassar: 2
2. plassar: 2
3. plassar: 3
Øvrige plasseringar: 10

Innkjørt: 81 500 kroner