Forside
Oppdateringar
Nyheter
Avlsnytt
Hestane
Hestar til salgs
Bilete
Stallen
Stallfolket
Stallsjefen
Rytterane
Månadens hest
Avl
Minneside
Viktige folk
Nedlastingar
Linkar
Gjestebok
e-mail me


Her finn du hestar til sals.

På grunn av plassmangel til hestane må me trappa ned på avlen i år. Dermed er Thai Girl til sals. Me har fått tre flotte føl etter ho, men Yankee døydde dessverre i fjor. Den eldste av avkomma til Thai Girl er Vertigo Victoria som er tre år no. Ho har og ei åringshoppe etter Magnetic Power. I år er ho drektig med Thai Tanic. Thai Girl kan leverast når årets føl er skilt frå ho. Håkon kan hjelpa til med å frakta ho til bedekning, dersom du vil kjøpa ho som avlshoppe og vil ha føl neste år. Thai Girl har ei god stamme. Mora hennar er Yankee Busibidi. Ho har to av Thai-hestoppdrettet mesttjenande avkom i Thai Thunder og Thai Unique. På lista over topp ti av dei raskaste Thai-oppdretta er i tillegg til dei to andre også Thai Amerique på lista. Thai Girl tjente sjølv over 160 000 kroner i løpsbanen og vann  8 løp, og var på trippelen i 17 av 64 startar. Ho trava som fortast 1.15,6.

Les meir på sida hennar her.

Sjå fleire bilete av ho her.

Me ynskjer bud på ho. Ring Håkon på 970 42 942, eller send han ein mail på haakon.steine@kvamnet.no. Han er og å treffa på Facebook.


Bru Linn skal seljast på grunn av nedtrapping av avlen. Ho leverer føl med flott eksteriør og humør kvart år. Me har hatt tre avkom etter ho, men åringshoppa etter Lome Kongen døydde nyleg av tarmslyng. Det eldste avkommet hennar Yasmina M. gjekk mønstringsløp på 1.58,7 og prøveløp på 1.43,2, men vart avliva på grunn av ein skade. Dermed er Vertigo Bjørn hennar eldste avkom. Han er hingst etter Spikeld og har så langt starta to gongar og trava 1.38,1. Avkomma til Bru Linn ser svært lovande ut. Sjølv tente ho 64 000 kroner i løpsbanen og trava 1.30,9 på det raskaste. Faren er Spang Best og mora er Håkedi. Bru Linn er ei snill hoppe med eit fantastisk godt lynne, ho er snill som dagen er lang og dette lynnet overfører ho til avkomma sine. I år er ho drektig med Alm Viktor og ho kan leverast etter at følet er skilt frå. Håkon kan hjelpa til med bedekning i år, dersom du vil kjøpa ho og ha føl neste år.

Me ynskjer bud på ho. Ring Håkon på 970 42 942, eller send han ein mail på haakon.steine@kvamnet.no. Han er og å treffa på Facebook.

Les meir om ho på sida hennar her

Sjå fleire bilete av ho her



Vertigo Perla er til salgs. 2-årshoppe etter Eldfaksen og Håketine. Samme mor som Vertigo Faks (176.500 kroner innkjørt) og Vertigo Prins (3 år, rek 1.31,3M og nesten 50.000 innkjørt). Gje bud. Ring Lars Tore Hauge 901 26 765.